Informasjon om søknad på ordningar for potensielle toppidrettsutøvarar Sogn og Fjordane fylkeskommune har to ordningar for potensielle toppidrettsutøvarar ved våre fylkeskommunale skular. Dersom du søkjer om å få delta i ei av ordningane for potensielle toppidrettsutøvarar må du føre det opp som første ønske på søknaden din. Definisjonen på potensielle toppidrettsutøvarar er: Framtidige toppidrettsutøvarar skal kunne dokumentere at dei driv prestasjonsutvikling ved å følgje ei langsiktig utviklingstrapp som tek sikte på å føre utøvaren fram til internasjonalt toppidrettsnivå. Utviklingstrappa skal med utgangspunkt i særidrettane sine spesifikke arbeidskrav, beskrive alle element som inngår i ein heilskapleg utvikling av unge utøvarar. Ordningane er: Spissa idrettstilbod i vidaregåande skule for potensielle toppidrettsutøvarar Ordninga gjeld alle tre årssteg i desse tre idrettane: . Skiskyting, Stryn vidaregåande skule (gjeld vg2 og vg3) . Fotball, Sogndal vidaregåande skule . Volleyball, Hafstad vidaregåande skule Det er inntil fem plassar pr. idrett pr. trinn. Det er ein føresetnad for full deltaking i det spissa idrettstilbodet at du søkjer utdanningsprogramma idrettsfag eller studiespesialisering. Sogn og Fjordane Idrettskrins vurderer og gjer formelt vedtak om kven som kan definerast som potensielle toppidrettsutøvarar. Du må leggje ved skriftleg dokumentasjon frå særkrins/klubb som grunnlag for denne vurderinga. Etter at Sogn og Fjordane Idrettskrins har handsama og prioritert søkjarane vil du få melding om resultatet av handsaminga frå fylkesdirektøren for opplæring. Denne meldinga er ikkje svar på Vigosøknaden om skuleplass. Dersom du får plass i inntaket, og i tillegg vert definert som potensiell toppidrettsutøvar av Sogn og Fjordane Idrettskrins, vil du få tilbod frå skulen der du har søkt om å delta i ordninga. Inntekne til andre utdanningsprogram kan etter avtale med skulen ta del i tilbodet dersom det ikkje medfører auka kostnader. Du må hake av for «spissa idrettstilbod» i feltet «Tilleggsopplysningar» i Vigo. Utskrift av web-søknad, søknadsskjemaet «Søknadsskjema toppidrett» og andre vedlegg sender du i eitt eksemplar til Sogn og Fjordane fylkeskommune, opplæringsavdelinga, Askedalen 2, 6863 Leikanger, innan søknadsfristen. Potensielle toppidrettsutøvarar Denne ordninga gjeld idrettar som ikkje er omfatta av «Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring for potensielle toppidrettsutøvarar». Sogn og Fjordane Idrettskrins vurderer og gjer formelt vedtak om kven som kan definerast som potensielle toppidrettsutøvarar. Følgjande skriftleg dokumentasjon er nødvendig: . Dokumentasjon frå særkrins/klubb om at du har potensiale og resultat som viser at . du kjem inn under definisjonen potensiell toppidrettsutøvar . Avtale mellom klubb og fadder . Stadfesting på at skulen kan leggje til rette på det programområdet du har søkt på Etter at Sogn og Fjordane Idrettskrins har handsama og prioritert søkjarane vil du få melding om resultatet. Denne meldinga er ikkje svar på Vigosøknaden om skuleplass. Dersom du får plass i inntaket, og i tillegg vert definert som potensiell toppidrettsutøvar av Sogn og Fjordane Idrettskrins, vil du få tilbod frå skulen der du har søkt om å delta i ordninga. Du må hake av for «potensielle toppidrettsutøvar» i feltet «Tilleggsopplysningar» i Vigo. Utskrift av web-søknad, søknadsskjema «Søknadsskjema toppidrett» og andre vedlegg sender du i eitt eksemplar til Sogn og Fjordane fylkeskommune, opplæringsavdelinga, Askedalen 2, 6863 Leikanger, innan søknadsfristen. Du finn meir informasjon om ordninga på Vilbli.no Lenke til søkjarhandboka: https://img4.custompublish.com/getfile.php/3714406.2344.qqruvqcdxu/Sokjarhandbok%202017- 18.pdf?return=sfjfk.custompublish.com